
Har du flytta, og lurer på kva du må gjer?

Bygger du ny husstand?
Byggjer du ny bustad må du som huseigar ringe eller sende oss e-post for å bestille avfallsdunker.
Hastar det med å få dunker på plass så gi oss beskjed snarast. Dunkane vil bli utplassert hos deg innan 14 dager, og så fort vi kan.
Ofte stilte spørsmål
Renovasjonskortet ditt følger adressa. Difor skal du alltid la kortet ligge igjen til den som overtar huset.
Du får eit nytt kort tilknytta din nye bustad.
Om den årlege kvota på kortet er oppbrukt, må den nye eigaren av bustaden enten betale for å kaste avfall eller vente på nytt år
Dunkane kan du la stå der dei står og abonnentet treng ikkje å seies opp. Abonnentet blir automatisk overført frå deg til ny eigar ved eiendomsoverdragelse.
Når du flytter overtar du førre huseigar sit abonnement. Dette kan du endre på min side eller i Attvin appen.
Byggjer du ny bustad må du som huseigar ringe eller sende oss e-post og bestille avfallsdunker.
Hastar det med å få dunker på plass så gi oss beskjed snarast. Dunkane vil bli utplassert hos deg innan 14 dager, og så fort vi kan.
Regelen er slik at dersom du veit at bustaden blir ståande tom i minst 6 månadar framover i tid så kan du søkje om fritak for renovasjon. Dette er særlig aktuelt dersom huset/leiligheita skal renoverast, eller dersom ingen skal bu i huset i dei nærmeste 6 månadane.
Ansvar for lovpålagte tenester
Attvin har ansvaret for den lovpålagte innsamlinga og mottaket av husholdningsavfall.
Selskapet er eigd av Ålesund, Sula, Stranda, Fjord, Sykkylven, Giske, og Vestnes kommune. Gjennom to dotterselskap leverer Attvin tenester knytt til lovpålagt hushaldsrenovasjon på vegne av eigarkommunene, og tenester knytt til næringsrenovasjon.
Attvin handterer avfallsinnsamling for over 100 000 innbyggarar i regionen, og har ansvaret for behandlinga av avfallet etter at det har blitt samla inn. I tillegg til innsamling av avfall driver Attvin 9 miljøstasjonar.
Den juridiske delen av Attvin som leverer den lovpålagte tenesta blir driven etter sjølvkostprinsippet, og får kun dekt sine faktiske kostnadar gjennom renovasjonsgebyret som alle huseigarar betaler. Vi tilstreber å levere best mogleg teneste for innbyggarane, til lågast mogleg pris.

Organisasjonstruktur og eigarskap
Våre kjerneverdiar
Utolmodig
Utolmod er vår superkraft. Vi brenner for å gjennomføre det vi veit skal til for å nå måla våre, sjølv med rammevilkår som nokre gongar står i vegen. Utolmodet gir oss gjennomslagskraft til å gå framover.
Open
Vi kjenner kundane våre godt, og er ujålete og oppriktig i kommunikasjonen. Vi deler aktivt av vår kunnskap og jobber målretta for å drive selskapet og bransjen framover.
Engasjert
Vi er nysgjerrig og lidenskapeleg i vårt arbeid med å bidra til eit betre samfunn. Vi er faktaorienterte og nøye – og stolt over vår tilnærming til faget.